![]() |
![]() |
|||
|
Tekst: Evelyn Laupstad |
||||
Troms Ungdomsfylking... |
||||
|
Troms Ungdomsfylking blei skipa i 1905 og har i dag om lag 1200 medlemar i om lag 25 lokallag. Troms Ungdomsfylking eig Trondarnes Kaffistove i Harstad og Finnsnes Hotell. Årsmøtet som er den høgste myndigheit er samansett av utsendingar frå lokallaga. Årsmøtet vel eit styre på 5 medlemar som leier TUF. I juni er det fylkesstemne i TUF med ulike aktivitetar for born og vaksne TUF driv med mange ulike aktivitetar både i eigen regi og gjennom lokallaga. Alle laga driver sjølvsagt ikkje med dei same aktivitetane, og alle laga har ikkje like mange aktivitetar. Hovudaktivitetane er folkedans og folkemusikk, bunad- og husflidsaktivitetar, teaterarbeid og studiearbeid. TUF ønskjer å formidle kompetanse på dei tradisjonelle fagfelta, men og på dei felta som ikkje høyrer inn under fagområda. Det er i dag tre nemnder med tre medlemmar kvar som tar seg av de ulike fagfelta i fylkeslaget. Leikmnemnda, bunadnemnda, og teaternemnda. Troms Ungdomsfylking skal være ein viktig og spennande arena for alle tillitsvalde i organisasjonen. TUF skal skolere lokale tillitsvalde og instruktørar, og gje ei grunnopplæring til organisasjonspolitikarar. Og gje støtte/oppfølging til lokallag som vil drive prosjektorientert utviklingsarbeid knytta til ungdomshus. Troms Ungdomsfylking ønskjer at du skal bli med på å forme eit godt og trivelig miljø for deg sjølv og andre. Leiknemnda i Troms Ungdomsfylking har det faglige ansvaret og arbeider aktivt for å fremje og utvikle folkedans- og folkemusikkarbeidet i Troms. Dei er rådgjevande for styret i TUF i folkemusikk- og folkedanssaker og kjem med framlegg og planar for dette arbeidet både for born, ungdom og vaksne. Dei har kontakt med og hjelper lokallaga med råd og rettleiing , og med å skaffe lærarar til kurs. Nemnda har og hovudansvaret for utdanninga av folkedansinstruktørar. Det har vore innsamla dansar og folkeviser frå gamal tid i samarbeid med Noregs Ungdomslag, Tromsø Museum og Rådet for folkemusikk og folkedans,og arbeidet vil fortsette med å formidle kulturhistoria som ligg i song, musikk, og dansetradisjonen i Troms. Leiknemnda skal og spreie informasjon om arbeidet og gje tilbod om opplæring til f.eks skolar og andre institusjonar. Tromsringen er ein gjeng med danseglade ungdommar frå tretten år og oppover frå heile fylket. Dei har samlingar rundt i fylket fire gongar i året. Dei tar vare på og bruker danse og musikktradisjonen i fylket som ein sosial samværsform og som ein kulturell aktivitet. Tromsringen har kontakt med ein del utenlanske dansegrupper og arrangerar turar både i Noreg og til utlandet. På framsyningskappleiken som blir tilskipa kvart år under landsstemna i Noregs Ungdomslag har Tromsringen vunne både fagjuryen og folkejuryens pris fleire gong. Sjølv om ringen formelt ligg under leiknemnda i TUF har den eit eige styre, ei arbeidsgruppe som legg opp arbeidet og administrerar ringen. Nemnda
er det organet i TUF som er rådgjevande for styret i bunadspørsmål. Nemnda skal kome med framlegg og planar som
skal fremje bruken av bunadar, skipa til kurs og
hjelpe lokallaga i bunad og husflidsspørsmål. Troms
Ungdomsfylking driv aktivt amatørteaterarbeid.
Alle lokallag som har teateraktivitet har kvart år underhaldning av eit
eller anna slag og TUF tilbyr kurs og hjelp i høve til lokallaga sine
behov. Målet er å tilby medlemmane høve til utvikling
av seg sjølv gjennom
drama og teater. TUF ønskjer å arbeide for å spreie og vidareføre
kunnskapen om, og kjennskapen til tradisjonane for folkelig teater. Troms
Ungdomsfylking er medlem av studieforbundet Folkekulturforbundet saman med
fleire organisasjonar, og er ein av dei som har flest studietimar innafor
FKF. TUF gjer tilbod i all form
for vaksenopplæring. Det kan gje den enkelte større forståing av
samfunnsproblema, og gje medlemmar og andre gode og rimelege tilbod . TUF
kan gje råd om all kursverksemd, og fylkeslaget utdanner tillitsfolk både
for eiga leiing og for leiinga i all greiner i lokallaga. Lokallaga kan
rekne med å få hjelp til å få i gong kursverksemd på alle plan. |
||||
![]() |
![]() |
|||